FTG Nyhetsvarsel: Trollvulva
Skrevet av
06.01.2018


Trollmusa, her avbilda i romjula 2017.

Bilde: Trollvulva – her avbilda i romjula 2017.

Den nyleg oppdaga Trollvulva har fått mykje merksemd etter at ho vart observert nær Geirangerfjorden i Møre og Romsdal i romjula. Snøformasjonen, som kan minne om det kvinnlege kjønnsorgan, har fått namnet Trollvulva. Rasmus Fannemel, frå nabobygda Hornindal, seier til Fjelltelegrafen at han trur Trollvulva kan vere bra for turismen i nærleiken.

“Om sumaren kjem turistane for å sjå Geirangerfjorden. No vil dei og kome om vinteren – for å sjå Trollvulva.”

– Rasmus Fannemel

 

Bilde: Rasmus Fannemel frå nabobygda Hornindal trur Trollvulva kan vere bra for turismen i området.

Trollvulva er den siste av mange turistattraksjonar med “Troll” i namnet. Etter Trollstigen, Trollveggen, Trollfjorden, Trolltunga, og Trollpikken, var det berre et spørsmål om tid før Trollvulva ville dukke opp, seier Fannemel.

Tyske Lukas Riess er truleg den første utenlandske turisten som har sett Trollvulva. I eit intervju til Fjelltelegrafen seier han at han veit om fleire i heimlandet sitt som vil sjå Trollvulva.

“Folk er trøytte av Trollveggen, dei vil ha noko som er drøyare”

– Lukas Riess

 

Bilde: Tyske Lukas Riess var særs opprømd over å sjå Trollvulva.

Fjelltelegrafen har allereie tatt merkevarebeskytting på Trollvulva, og starta opp produksjon av Trollvulva merchandise. Produkta er venta lansert sumaren 2018. Ei eiga Kickstarter kampanje er planlagt for å finansiere produksjonskostnadane.

 

Bilde: Trollvulva befinn seg i nærleiken av den verdsberømte Geirangerfjorden.

Fjelltelegrafen åtvarar at den som vil sjå Trollvulva bør gjere det før neste mildvér.

 

*Denne posten er satire, sjølvsagt.


Kontakt